Veggpanel, Sata

Hebrand Sata  (Ål 1753 – samme sted 1830)
Veggpanel
Hallingdal, 1818
Malt i rødt og grønt, H: 148 B:51
Datert og signert nede til høyre i tekstfeltet:
Ao 18181 Sata
Tredelt motiv, det øvre med tekst: Gud ! Som af intet Giorde alt vel, velsigne og bevare vores huus fra al ond tilfael (?), forblif ? til legem og siæl, giv Lykke og hæld. Ao 1818, H. Sata.
Formet og profilert midtfelt med malt motiv av oppstandelsen og hest til rytter, begge flankert av blålige blomster og ranker i rødt på grønn bunn. Nedre felt dekorert med kineserier.
Nils Ellingsgard, skriver om Sata i sin viktige bok «Norsk rosemåling», fra 1999, «Sata var blant dei fremste i norsk rosemåling, både som kunstnar og nyskapar. Han bygsla plassen Bæra og dreiv som omgangsskulelærar i Ål. Tidlege arbeid av Sata tyder på at han må ha vore i nær kontakt med laugskunsten, anten i ein by eller hjå ein omvandrande bymålar. I alle fall har han hatt nokre av mønsterplansjane som var i omlaup innan laugsvesenet. To skåpfelt med kineseri-motiv, blå landskap med tre og pagoder er døme på dette (Drammens Museum). Dei mange brurekistene viser best hans kunstnarlege og stilistiske utvikling: Frå sirleg rokokkodekor i 1780-åra med kartusjar og skjell kring midtmotivet, som anten er ein blomebundel, figurar og dyr eller kyrkjer og hus, som på ei kiste frå Øvre Ål, måla i 1786 (Kunstindustrimuseet i Oslo), fram mot ei symmetrisk ordning av mønstret kring ein vertikal akse på kistefronten og kring ein kross på loket, frå hundreårsskiftet og frametter, som på ei kiste med påskrift «O.E.S.N. 1799» (Kunstindustrimuseet i Oslo). Blomane er no meir skjematisk stiliserte av C- og S-liner utan lys- og skugge-verknad og bretta ut i flaten, som på ei kiste med påskrift «O.D.S. Anno 1798» (Norsk Folkemuseum). Han henta og motiv frå eldre stilar som blome- og akantusbarokken, og i bruken av girlandere og draperi-festongar. Også rokokkoskjella vart framleis bruka»